«La meg være» av Clare Mackintosh

Dette innlegget ble opprinnelig publisert på denne bloggen

Leseeksemplar

Den tredje og så langt nyaste boka til Clare Mackintosh er her! Eg (som omtrent resten av Noreg) synest dei to første var knallgode thrillerar, så eg gleda meg veldig til å ta fatt på La meg være.

Anna Johnson er ganske så forbanna på foreldra sine. Kanskje mest på mora si, Caroline. Faren begikk sjølvmord for 18 månader sidan, og eit halvt år etter hans død, tok Caroline sitt eige liv. Anna forstår ikkje korleis foreldra (og spesielt mora, som fekk oppleve å bli etterlatt sjølv) kan ha gjort dette mot henne.

Comments are closed.