Omtale: Beretningen om Jon Bentsson av Vera Henriksen

Dette innlegget ble opprinnelig publisert på denne bloggen

Aschehoug 2004
843 sider
Papirbok lånt privat

Beretningen om Jon Bentsson er ein dobbeltroman; Klangen av en lutt frå 2001 og Ildens sang som kom ut fyrste gong i 2002. Forteljinga er framhald av den meir kjende Beretningen om Bent Jonsson (Trollsteinen, Pilegrimsferd, BlåbreenStaupet og Skjærsild) som eg med stor glede gjenlas tidlegare i år.

Henriksen tek føre seg den same tematikken i begge desse store bokverka. Det handlar kort sagt om sosiale og religiøse motsetningar i tida etter reformasjonen og dei konsekvensane det hadde for samfunnet og for enkeltmenneske.

Men medan eg storkosa meg gjennom den fyrste bokserien, vart dette ei heilt anna leseoppleving.

Comments are closed.